Camilla Storøy (KrF) med flammande og viktig innlegg:

Oppgjer med politikar-hets

KrF-politikar Camilla Storøy tok i kommunestyret førre veke eit oppgjer med noko ho meiner i ytste konsekvens er skadeleg for lokaldemokratiet, hets og sjikanering av folkevalde.

Camilla Storøy (KrF): I kommunestyremøte førre veke kom Camilla Storøy med ei viktig oppmoding inn mot alle som engasjerer seg i det offentlege ordskiftet i lokalsamfunnet. – Bak alle namn er der eit menneske, minna ho om då ho tok eitt oppgjer med usunn debattkultur og politikarhets i sosiale medium. Bodskapen var at alle burde vege orda sine meir når ein omtalar andre sine meiningar. 

Nyhende

– For å vere politikar må vi stå i offentlegheita. Blir denne offentlegheita full av hets og hat, så orkar ikkje politikarane å stå i det.