Skuffa etter styreval i Tussa:

– Ikkje Herøy kvar gong

Ann-Kathrin (Tine) Storøy fekk den ettertrakta styreposisjonen i Tussa, og Bjarne Kvalsvik måtte ta til takke med varaplass.

Skuffa: – Tine Storøy vil heilt sikkert gjere ein like bra jobb, men denne gongen skulle Herøy ha ein mann inn i Tussa-styret, seier ein litt skuffa Bjarne Kvalsvik etter styrevalet i Tussa.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Før valet i Tussa hadde Bjarne Kvalsvik ei berettiga tru på at det no var hans tur å få det ettertrakta styrevervet. Som Herøy kommune sin fyrsteprio- riterte kandidat hadde varaordføraren stø kurs mot den populære styreplassen, som mellom anna blir betalt med nesten 90.000 kroner i året.