Laurdag skal YSSS flyte saman med resten av landet – bodskapen er veldig viktig:

– Dette må vi ta tak i!

Norske barn er dårlegast i Norden når det kjem til symjeferdigheiter. Dette håper Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb å skape bevisstheit kring då dei i helga deltek i ein stor, nasjonal «Flytefest».

YSSS-trenarane: Denne trioen driv symjeopplæring for YSSS i Herøy. Dei ønskjer å gjere folk meir bevisste på at det ikkje står så bra til med symjeferdigheitene til Norske barn. Dei håpar at flytefest på Osnessanden på laurdag kan vere med på å inspirere fleire til å gå på symjekurs. Spesielt herøyværingar burde lytte til bodskapen deira. Engasjementet i den interkommunale symjeklubben er nemleg mykje større i Ulstein. – Men dette kan vi gjere noko, med meiner desse tre. F.v. Julie Stenersen (18), Arsene Simbi (19) og Hanna Husøy (17).  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Eg kjenner mange som ikkje er symjedyktige her i Herøy.

Julie Stenersen
Nyhende

– I ein nasjon der halve landet er kystlinje er det eit paradoks at mange barn ikkje er symjedyktige. Dette må vi ta tak i!