Uroa over framtida til fiskerihamnene

Fosnavåg hamn: Illustrasjonsfoto  Foto: Endre Vorren

Nyhende

I samband med regionreforma blei staten sitt eigarskap og forvaltingsansvar for fiskerihamneanlegg, herunder moloar og kaianlegg, overført til dei nye fylkeskommunane. Overføringa skulle gjelde frå og med 1. januar 2020, men dei fire nordlegaste fylka har så langt ikkje signert avtalen med staten om overføring.