Trafikkulykke i Gursken - jente på sykkel og bil involvert

Torsdag morgon litt over klokka 08.30 skjedde det ei trafikkulykke i Gursken. Ifølgje politiet var ei jente på sykkel og ein bil involvert.

  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Jenta er frakta til legekontor og det skal vere snakk om mindre personskade, opplyser politiet. Bilen står på utsida av vegen og berging er bestilt. Det er enno ukjent kva som er årsaka til hendinga.