Suksess med rekruttering av nye herøylegar:

Legekrisa i Herøy er over

Stor søknad til ledige legestillingar gjer at legekrisa i Herøy snart kan seiast å vere over.

OPPATTBYGGING: Med dei mange som no vil bli lege i Herøy kan ein starte på oppattbygginga av Herøy legesenter. Her vil lege Jørn Kippersund spele ei viktig rolle. 

Nyhende

Heile åtte søkjarar har meldt seg til dei utlyste legestillingane i Herøy. Ifylgje avdelingsleiar Runa Bakke har responsen vore heilt fantastisk, og allereie torsdag denne veka blei den fyrste av dei nye herøylegane tilsett.