Hedvig Mollestad trio til Fosnavåg

Hedvig Mollestad TRIO 

Nyhende

Vi gratulerer Hedvig med Spellemannsprisen og gler oss til å sjå og høyre trioen i Fosnavåg!

Ålesunds og Noregs gitarhelt er tilbake! Med nytt album i bagasjen

For kvart album Hedvig Mollestad Trio lanserer, prøver kritikarane å plassera dei inn i ein ein passande sjanger. Jazz eller rock? Stonerswing? Eller kanskje doomjazz? Classic Rock kom kanskje nærast: Jazz Sabbath. Det eklektiske mikset til bandet av referansar går frå Black Sabbath og Jimi Hendrix til John Coltrane, samtidsjazz og metal. Trollbindande og kompromisslause musikk, som bør opplevast på scena.

Bandet vart starta i 2009 etter at Mollestad vart «årets unge jazztalent» under Moldejazz, og trioen vart signert til Rune Grammofon det etterfølgjande året. Etter fire studioalbum og ei dobbel liveplate kom den femte fullengderen «Smells Funny» ut hausten 2018. Trioen har vore i studio igjen, og ny plate skal vera på veg litt utpå nyåret, forhåpentlegvis er den klar i fysisk format til konserten i Fosnavåg.

Uansett om hjartet ditt ligg nært det jazza og frie, eller om du føretrekker den tunge beaten og den pumpande bassen, har bandet vorte ein live-favoritt i begge leirane. Trioen har turnert på skitne små bular rundt i verda, og dessutan på dei store konsertsalane og jazzfestivalane. Trioen har varma opp for John McLaughlin på London Jazzfestival og spelt på anerkjente festivalar som Roadburn, SXSW, Vancouver Jazzfestival, Ottawa Jazzfestival, Berlin Jazz Fest og Øyafestivalen, berre for for å nemna nokre.