Tek over 1. september:

Furene har tilsett ny administrerande direktør

Hallstein Saunes er tilsett som ny administrerande direktør i arbeids- og inkluderingsverksemda Furene. Han tek over etter Eldor Skeide.
Nyhende

Hallstein Saunes tek over stillinga som ny administrerande direktør i arbeids- og inkluderingsverksemda Furene 1. september. Han tek over etter Eldor Skeide som av helsemessige årsaker har valgt å gå av. Det skriv selskapet i ei pressemelding.