Herøy kulturskule med etterlengta «Vennefest»:

– Vi er tilbake, endeleg!

Elevar og lærarar ved Herøy kulturskule strålte i kapp mot scenelysa då dei fredag og laurdag endeleg vekk vise seg fram for eit publikum igjen. Dei sørga for ein forrykande og variert «Vennefest» på Herøy kulturhus.

Vennefest: Som de ser på bileta baud elevane ved Herøy kulturskule på stor variasjon. Det blei dans, drama, fiolin-spel, gitar, piano og song. Elevane såg ut til å kose seg på scena. I salen sat foreldre og familie som publikum. Kvar elev fekk ha med seg sine næraste.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Samhaldet vi får når vi skal framføre betyr så mykje.

Birgitte Vik Wymer
Nyhende

– Vi er tilbake, endeleg! Kulturskulen er tilbake. Det har vore eit sakn å sjå publikum og få sjå elevane meistre på scena.