Eige anlegg for mjøl og olje:

Mowi vurderer storutbygging på Eggesbønes

Mowi vurderer å vidareutvikle produksjonen med etablering av prosessfabrikk ved selskapet sitt hovudslakteri for Nordvestlandet på Eggesbønes.

SATSAR: Opp imot 200 millionar kroner vil Mowi satse på eit nytt prosesseringsanlegg for mjøl og olje. Satsinga kan komne på Eggesbønes. 

Nyhende

Planane dreiar seg om bygging av ein ny fabrikk for produksjon av mjøl og olje basert på restråstoff både frå eigen produksjon av laksefilet, samt eventuelt råstoff frå andre fiskeforedlingsbedrifter som det per i dag ikkje ligg føre leveringsavtalar med.