Taktskifte i saka om ny Bergsøy skule i Herøy kommunestyre:

Samrøystes for å gå vidare med tidlegare planar

Samanlikna med formannskapsmøtet førre veke var tonen under torsdagens kommunestyre mykje meir harmonisk i saka om ny Bergsøy skule. Politikarane gjekk samrøystes inn for å gå vidare med tidlegare vedtatt byggeprogram, samt at sak blir tatt opp i budsjetthandsaminga.

Samrøystes: Kommunestyret gjekk samrøystes inn for å jobbe utifrå tidlegare planar om funksjon og arealanalyse for ny Bergsøy skule, trass i at formannskapet ville utsette saka førre veke.   Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Då saka skulle opp til handsaming låg det forventningar i lufta om eit relativt hardt ordskifte, ettersom saka var kravd på sakskartet frå mindretalspartia Høgre og Frp. Men allereie etter fyrste innlegg, signert Sølvi Nerem Berg (Ap) viste det seg at tonen var god og samarbeidsvillig blant politikarane i Herøy.