Kommunedirektøren tilrår frivilligsentral og Livsgledeheim i Sande

Kommunedirektøren tilrår at Sande kommune igjen etablerer frivilligsentral. Denne gongen med eit ekstra tillegg.

Øya: Sande kommune ved administrasjonen ser føre set at samlingsstaden Øya vert knutepunktet også for frivilligsentral og Livsgledeheimen. Foto: Arkiv 

Nyhende

I saka som skal opp til behandling i ulike politiske utval går kommunedirektøren inn for at det vert starta opp frivilligsentral frå komande haust. Planen er i tillegg at kommunen vert med på ei ordning som heiter Livsgledeheim, der Sandetun omsorgssenter kan få slik sertifisering.