Vann Matspire 2021:

Best i fylket!

Den historisk vesle kokkeklassa ved Herøy vidaregåande skule gjekk inn for å vinne konkurransen – og det gjorde dei.

Vin­nar­laget: Desse fire gutane ved Her­øy vi­da­re­gå­an­de sku­le dan­ka ut «alle andre» VG2-kokke­ele­var i Møre og Roms­dal i kon­kur­ran­sen Mat­spire 2021. Frå venst­re: Lo­rentz Da­le­hamn Rø­ren (19), Jon­fred Ha­ge­mann Ervik (17), Vinh Nguyen (17) og To­bi­as Sandvik Nør­våg (18).  Foto: Josefine Spiro

Matspire 2021
  • Matspire er eigentleg ein inspirasjonsdag i Molde i regi av fylkeskommunen, som gir deltakarar frå heile fylke ei innblikk i kva kokke- og servitøryrket inneber. På grunn av covid-19, har arrangementet vorte avlyst to år på rad. Difor bestemte arrangørane å heller lage ein Matspire-konkurranse; ein for VG1-elevar og ein for VG2-elevar. Særs mange har delteke. Vinnarklassen får ein ekskursjon til Stranda med to overnattingar.
Nyhende

– Overraska? Nei. Det er kjekt å vinne, men det var difor vi melde oss på.

Vinh Nguyen (17) kikar så vidt opp frå steikepannene på komfyren framfor seg. Han og tre andre av dei totalt fem gutane i klassen er midt i innspurten med å lage til eit måltid til 13 personar. Brorparten er gjestar; samarbeidspartnarar i konkurranseprosjektet som er inviterte til «skulerestauranten» på ein betre lunsj for å feire sigeren.

– Vi vann fordi vi fekk veldig god hjelp frå veldig gode folk på sine felt, seier Jonfred Hagemann Ervik (17).

Her må lærar Ingebjørg Lyster bryte inn:

– Og så trur eg vi klarte å formidle at vi hadde det artig!

Men Jonfrid har absolutt eit poeng. Oppgåva gjekk nemleg ut på å lage ein kort og ein lang film, gjere seg kjend med ein lokal råvareprodusent og eit turistmål/attraksjon, og til slutt komponere ein to rettars meny.


Gapahuk ferdig til sommaren:

Kommunen takkar med pizza

Gapahuken i parken ved Fosnavåg sentrum nærmar seg ferdigstilling. Elevar frå Herøy vidaregåande skule står for arbeidet, og no nærmar det seg opningsfest.


Mat­spire 2021

Mat­spire er ei­gent­leg ein ins­pi­ra­sjons­dag i Mol­de i regi av fyl­kes­kom­mu­nen, som gir del­ta­ka­rar frå hei­le fyl­ke ei inn­blikk i kva kokke- og ser­vi­tør­yr­ket in­ne­ber. På grunn av covid-19, har ar­ran­ge­men­tet vor­te av­lyst to år på rad. Di­for bes­tem­te ar­ran­gø­ra­ne å heller lage ein Mat­spire-kon­kur­ran­se; ein for VG1-ele­var og ein for VG2-ele­var. Særs man­ge har del­te­ke. Vin­nar­klas­sen får ein eks­kur­sjon til Stran­da med to over­nat­tin­gar.

Samarbeida med lokale aktørar

Det første klassa gjorde var å ta kontakt med reiselivsutviklar Hilde Bakke Gråberg i Havlandet AS. Ho gav elevane ein kickstart om kva som rører seg innanfor reiselivet i Herøy og gav klassen tilgang til selskapet sin fotobank.

Menyen vart utvikla i samarbeid med Magnus Bergseth ved Kami Skotholmen og Thor-Erik Andersen og Sverre Kleppe ved Folk Spiseri i Ulsteinvik.

– Vi inviterte Lise Chapman i Tango Seaweed til skulen, der ho presenterte sine ulike produkt av tare, og vi fekk tilgang på råvarer til fri bruk, heiter det også i innleiinga til oppgåva.

Til filming, regi og redigering av den største filmen har klassa fått hjelp av Arjan Sydhagen Dalsøren. Den minste har dei laga sjølv. Du kan sjå Dalsøren sin film under:

Kokkeelevane på VG2 sitt filmbidrag i konkurransen "Matspire 2021". Filmen er laga av Arjan Sydhagen Dalsøren som også er elev ved skulen.

Norske yrkesfagarbeidarar er mangelvare på Søre Sunnmøre:

Desse elevane er truleg garantert lærlingplass

Røyrleggarar. Snikkarar. Elektrikarar. Dei trengst over heile linja og er nærast garantert jobb. Likevel slit dei bransjenæringane med å rekruttere fagfolk.