Regjeringa opnar for å gå bort frå kohortar i skular og barnehagar:

Grønt lys i Herøy, framleis gult i Sande

Måndag 31. mai går skular og barnehagar i Herøy over frå gult til grønt tiltaksnivå. Endringa fører mellom anna til at kohortane forsvinn. I Sande vil skulane og barnehagane halde fram på gult nivå fram til sommarferien.

Grønt lys: Herøy kommune innfører grønt nivå i skular og barnehagar frå 31. mai. Det ser kommunalsjef oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, fram til (arkivfoto).  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Torsdag 27. mai byrja steg to i regjeringa sin gjenopningsplan. Han inneheldt mellom anna ei endring i bruken av tiltaksnivå i skulen. Fram til no har det vore statleg bestemt at alle skular og barnehagar skal vere på gult tiltaksnivå, men frå og med 27. mai kan kommunane sjølve bestemme tiltaksnivå i trafikklysmodellen. Ei endring som mellom anna vil bety at ein går bort frå kohortar. I samråd med kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen innfører Herøy kommune grønt nivå frå måndag 31. mai.