Leiar:

Skredvollen ved Munkvoll stadion

Redaktøren spør om regelverket når det gjeld skred og tiltak i slike område, har blitt altfor stivbeint og vanskeleg.

MUNKVOLL: Det er berre på nåde born og vaksne har fått bruke anlegget i det siste. Dette bildet er frå eit ferskt arrangement der lokale born deltok.  Foto: Illustrasjonsfoto Josefine Spiro

Nyhende


Det er svært positivt, og ikkje minst gledeleg for Moltustranda IL, at Herøy kommune vil ta ansvar og kostnaden med skredvollen som må byggast ved idrettsanlegget. Det er nesten det einaste positive ein kan ta med seg i denne saka. For her er det mykje som verkar både uforståeleg og meiningslaust.

Munkvoll stadion har vore her lenge, inkludert klubbhus der det har vore tilstellingar og masse folk i alle aldrar. Men først då anlegget vart utvida med løpebaner, kom det krav frå høgste hald om at det må byggast ein skredvoll som skal verne anlegget, – først og fremst mot snøskred. På grunn av den manglande skredvollen har det ikkje vore mogleg å få fullt grønt lys på å få ta anlegget i bruk.

Heldigvis slepp idrettslaget å bryte ryggen på prosjektet med skredvollen, sidan kommunen no vil ta kostnaden på nær ein halv million kroner, pluss moms.

Idrettslaget og kommunen meinte vollen kunne byggast ovanfor vegen, altså ikkje inneklemt mellom fylkesvegen og idrettsanlegget, men fekk avslag. På vegen er det nemleg ikkje rasfare (statistisk fare for at trafikantar vert tekne). Vollen skal byggast mellom fylkesveg og idrettsanlegg.

NVE vil heller ikkje gje tiltaket støtte, då det «ikkje er innanfor kriteriane». Søknaden gjeld idrettsanlegget, og då gir nemleg ikkje NVE tilskot.

Faren for skred er rekna ut til 1/5000 av eit konsulentselskap. Difor trengst denne fang- eller skredvollen. Slik ser vi det i fleire bygder, der det nærast ikkje er råd å få utført noko, fordi arealet ligg ved eit fjell der ein konsulent har rekna ut at det det finst ein ørlite sjanse for at det ein gong i framtida kan kome eit skred.

Sjølv eksisterande bustadhus blir nekta på bygging fordi reglane har endra seg etter at husa er bygde. Har regelverket blitt altfor stivbeint og vanskeleg?


Håper fylkeskommunen vil vere med på skredvoll-løysing:

– Meiningslaust med skredvoll mellom fylkesvegen og idrettsanlegget

Moltu IL er pålagt å sikre det snart bruksklare frifot-anlegget mot skred. Men fylkesvegen som går tvers gjennom området mellom idrettsanlegget og det aktuelle skredområdet må ikkje sikrast.



Første offisielle kamp på Frifot-anlegget:

– Det er stas å kome hit og spele fotball

Tysdag kveld gjekk tidenes første offisielle kamp på det splitter nye Frifot-anlegget på Moltu av stabelen. G 10-laget Tjørvåg/Moltu fekk æra av å stå for det historiske avsparket.



Moltustranda idrettslag ber kommunen om hjelp:

Manglar pengar til rassikring

Pålegget om skredsikring har skapt ei ny utfordring for finansieringa av det oppstarta frifot-anlegget på Moltustranda.



Hastar med godkjenning av skredvoll

Det hastar for Moltustranda IL å kome i gang med bygging av skredvollen som skal verne det planlagde frifotanlegget mot steinsprang.