Lesarinnlegg:

Endå eit påfunn frå Larsnes

Larsnes ferjekai   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Det har i det siste vore mykje snakk om kor dårleg det står til med ferjekaiene i Sande. I siste Vestlandsnytt meiner varaordføraren at tilhøva rundt ferjekaia på Larsnes er så vanskelege at einaste løysinga er store utfyllingar i sjøen og flytting.

Eg har reist nokre gongar på strekninga Halhjem –Sandvikvåg. Dette er ei ferjestrekning på E39 mellom Bergen og Stavanger. Ei av ferjene som går der er MF Flatøy. Den er 134 m lang, 21 m brei, tek 180 bilar og 550 passasjerar.

Innløpet til Halhjem er om lag 60 m breitt og innløpet til Sandvikvåg i underkant av 50 m. Dei har ingen problem med manøvreringa.

Avstanden mellom kommunekaia på Larsnes og støtta bortanfor ferjekaia er om lag 50 m. Korleis kan nokon hevde at det er eit problem for ei 30-bilars ferje?

Oppstillingsplassen på Larsnes er eit kapittel for seg. Eg har ikkje sett ei slik utforming nokon annan stad. Åtvaringane var mange under planlegginga. Visst ser det fint ut, men er heilt ubrukeleg med dagens trafikk. Det finns likevel ei rimeleg løysing som er overkomeleg. Kroa er tydeligvis ikkje lønsam nok til vidare drift og bør difor flyttast/rivast. Då kan ein fylle på med pukk og sand over eksisterande glidekantar på oppstillings/parkerings-plassen.

Ein kan då få ein samanhengande asfaltert plass mellom kommunekaia og hurtigbåtkaia på 4700 kvadratmeter der ein kan bruke malarkosten til oppmerking. Når det ikkje lenger er nødvendig med ferje til Larsnes kan ein enkelt tilbakeføre plassen til det den var om det skulle vere ynskjeleg.


Plassmangel på Larsnes gir hovudbry

– Anten må ferja flytte seg eller så må Larsnes flytte på seg.


Framstillinga av problema på Larsnes er ikkje lenger truverdig. Her snakkar ein om nedlegging og samanslåing av skular i andre bygder for så å snu seg rundt og snakke om flytting av ferjekaia på Larsnes i neste augneblinken.

Eg forstår godt at mange fryktar konsekvensane for Larsnes når ferja ikkje går lenger, men det er uakseptabelt at dette skal hindre arbeidet med Sande Fastlandssamband. På vegner av innbyggarane på øyane ber eg om respekt for det vi steller med og at det vert vist like mykje initiativ og kreativitet når det gjeld øyane som det vert vist når det gjeld Larsnes.


Formannskapet ber om meir «kjøt på beina» om molokostnadar, og dessutan:

Vil utfordre fylket om ny ferjekai

Det var ikkje uventa moloplanane som fekk mest merksemd då reguleringsplanen for framtidas Larsnes var oppe til diskusjon i formannskapet. Men også behovet for ny ferjekai skapar vanskar.