Herøyværingar er sette i karantene

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

To personar frå Herøy vart 17. mai sette i smittekarantene etter mogleg kontakt med smitta.

Kontakten skal ha skjedd ein annan stad i landet, opplyser kommunen.

Ytterlegare tre personar har fått såkalla ventekarantene i påvente av svar på testar som vert tekne 18. mai, melder kommuneoverlegen.