Tarefabrikken i goksøyra

I 75 år produserte ein fabrikk i Goksøyra produkt ved hjelp av tare henta frå fjørene på Runde. Dette er historia om eit industrieventyr utanom det vanlege.
Nyhende

På veg mot snuplassen i Goksøyra køyrer du til slutt forbi eit kvitt murbygg på nedsida av vegen. Har du vore ein tur til fuglefjellet har du garantert sett det, men visste du at det for berre 10 år sidan framleis var fabrikkdrift i lokala? Ein fabrikk som laga produkt av tare?