Plukka ut som norsk albumklassikar:

Kan hamne på vinylplate ved hjelp av crowdfunding

– Når eg høyrer enkelte songar på det albumet, vert eg teken med tilbake til den tida eg var dødssjuk.

Finn Børre Coren Voldnes: Den kjende komponisten, musikaren, vokalisten og tekstforfattaren vaks opp i Fosnavåg. No er albumet hans «I draumar fær du» blitt plukka ut som eit av 20 norske albumklassikarar som kan bli til vinylplate gjennom crowdfunding. Foto: Stein J. Øvre 

Nyhende

Finn Børre Coren Voldnes er i grunnen ikkje så glad i å prate om seg sjølv. Han ønsker at musikken hans skal tale for seg sjølv, noko den har gjort i ei årrekkje. Men rett som det er, går musikken og det personlege livet hand i hand – som den gongen komponisten, musikaren og vokalisten frå Fosnavåg vart alvorleg kreftsjuk midt under innspelinga av det som no er plukka ut som ein av 20 norske albumklassikarar; «I draumar fær du» (2008). Det kjem vi tilbake til.