Sande-ordføraren spår legemangel i Hareid og Ulstein

Sande-ordføraren fekk pepar av Ulstein-ordføraren i legevaktsaka. No slår Myklebust tilbake.

Ordføraren: Olav Myklebust spår at Hareid og Ulstein vil få vanskar med legedekkinga i framtida når døra for legevaktsamarbeid med Herøy og Sande no er lukka.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Ulstein og Hareid hadde her ei eventyrleg moglegheit til å få etablert ein felles legevakt saman med Herøy og Sande. Men ein slik avtale vart blokkert av legane i Hareid og Ulstein. Eg står framleis på at vi sjølvsagt ikkje kan vere med på eit samarbeid med Hareid og Ulstein der vi hadde blitt sitjande på bakrommet.