Reagerer på villmannskøyring i skuleområdet

Bergsøy skule, blåhaugen er ein av totalt fire skular langs vegen der det, ifylgje ein nabo, foregår mykje "villmannskøyring". 

Nyhende

Ein nabo til skuleområdet i Fosnavåg ber kommunen sette fokus på trafikksituasjonen i området. Det gjeld både dei mange som køyrer barna sine til skulen, og villmannskøyringa som går føre seg med mopedar og bilar både i og utanom skuletida. Ein kontroll i ny og ne, og synleg politi, kunne nok ha vore mykje til hjelp, skriv naboen i oppmodinga til kommunen.