Vikarprest-jobb lokka Solfrid frå Austlandet tilbake til Leine-bygda:

– Det er godt å vere heime igjen

Sjølv om Solfrid Leinebø Seljås har levd halve livet på Austlandet, føler ho seg framleis heime i oppvekstbygda på Leine. Dette året er ho sokneprest i Herøy.

Solfrid Leinebø Seljås: Store deler av sitt vaksne liv har Sofrid budd i Askim saman med sin ektemann og tre søner. No er ho derimot tilbake til Herøy, staden der ho vaks opp, for det neste året. – Det passa godt med at mannen min likevel no er på heimekontor. Det at vi ikkje var så stadbundne opna moglegheita for å kome heim ein periode, seier Solfrid. Ho vikarierer her som sokneprest og blir å sjå i alle Herøy-kyrkjene framover.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det er godt å vere heime igjen. Det har alltid blitt litt knapt med tid til å gjere alt eg har hatt lyst til når vi er her. Men no er det moro endeleg å kunne ta meg god tid til både det eine og det andre. Eg gler meg mellom anna over å kunne pleie gamle venskap og relasjonar, finne tilbake til røtene mine og nyte naturen. Eg skal gå alle fjelltoppane her ute!