Stafett-moro på Munkvoll stadion

Både beina og pulsen fekk fart på seg då femte- til sjuandeklassingane på Moltu skule arrangerte sin «eigen» TINE-stafett onsdag.

Gøy: Latteren kjem spontant i det Rusne Araciauskaite overtek stafettpinnen frå Maya Palacios Torvholm.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Lufta ligg stille, men kald rundt dei to TINE-T-skjorte-kledde kroppane som står og ventar i kvar sin løpebane på Munkvoll stadion. Nett no er der kanskje litt gåsehud å spore hos den unge guten og jenta. Men det varer ikkje lenge. Etter berre nokre sekund kjem to andre elevar stormande bortetter det raude underlaget med kvar sin stafettpinne i handa. Overleveringa er unnagjort på berre eitt sekund, og då gjeld det å få opp dampen. Det er utruleg kor fort ein kan springe berre ein har litt konkurranseinstinkt, og det har dei fleste!

I farta: Logan Frantzen-Warholm og Mathea Moltubakk.  Foto: Josefine Spiro

Køyrer «sololøp»

I fjor sette pandemien ein stoppar for verdas største stafett; Tinestafetten, men i år vert den gjennomført under gjeldande smittevernreglar. Det betyr at dei fleste (kanskje alle) skulane som deltek held seg for seg sjølve. Det gjeld også Moltu skule, sjølv om dei er nokså få samanlikna med mange andre skular.

I 6. og 7. klasse, som stafetten eigentleg er meint for, er dei berre høvesvis tre og fem elevar. Difor får også 5.-klassingane, som er ni stykke, delta. Det synest dei er stas.

Førebuing: Det var første gong elevane prøvde seg på stafett, så det gjaldt å fylgje med på læraren sine instruksar i forkant.  Foto: Josefine Spiro

Frå venstre: Elias Vasseng, Rusne Araciauskaite, Kanutte Ivy Tarberg og Maya Palacios Torvholm 

Tok ansvar

Ein av elevane, Runar i 7. klasse, går til vanleg på friidrett to kveldar i veka og er i særs god løpeform. Difor hadde han ingenting i mot å ta på seg ansvaret for leie oppvarminga av gjengen. Han sprang endåtil eit stykke baklengs framfor dei andre så han kunne sjå dei og oppmuntre dei til å setje opp tempoet undervegs.

Og då startskote gjekk for sjølve stafetten, sprang Runar med to skilt på brystet, som betyr at han tok seg ei ekstra runde.

Chris Sydhagen tek imot stafettpinnen frå Runar Ervik, medan medelevar fylgjer med frå sidelinja.  Foto: Josefine Spiro

– Det var gøy, seier han etterpå.

Det synest også dei andre gutane rundt han.

– Ja, mykje kjekkare enn vanleg skule!

Emily Graham Kvalsund  Foto: Josefine Spiro

Sosialt

Stafetten denne dagen handlar om meir enn lagarbeid og fysisk aktivitet. Ikkje berre har elevane heile, nye Munkvoll stadion å boltre seg på, men Moltustranda IL har også lånt ut grillar til gjengen, slik at dei kan kose seg med pølser og sosial hygge etter at stafetten er gjennomført.

Lærarane: Trine Ingvaldsdotter Garnes, kontaktlærar for 5. klasse og Gry-Elisabeth Lillenes Kempton, kontaktlærar for 6. og 6. klasse.  Foto: Josefine Spiro

Desse skulane deltek

Fleire skular frå Herøy og Sande har sprunge TINE-stafetten denne veka: Bergsøy skule, Borga (11. mai), Gursken skule (12. mai), Larsnes skule (11. mai), Leikanger skule (11. mai), Moltu skule (12. mai), Nerlandsøy skule (11. mai) og Stokksund skule (11. mai).