Kibsgaard-systrene valde ei løysing dei ikkje angrar på:

Saman med mamma heile vegen gjennom sjukdomen

Systrene Synnøve, Tone og Elin Kibsgaard var saman med mor – heime – frå då ho var alvorleg sjuk og til ho gjekk ut av livet. Det er eit samhald dei ikkje angrar på i dag.

Systrene (F.v.) Tone, Synnøve og Elin Kibsgaard: – Sjukehus er ikkje nødvendigvis det beste – alltid. I realiteten betyr det å avslutte livet i framande omgjevnader. Men for mamma sin del, og oss, so er vi glade for at ho slapp å reise i ambulanse til Volda, bruke siste energien på å verte frakta rundt. Godt at vi hadde styrke og tru på at heime var best og at pleia der var minst like bra som på sjukehuset, seier systrene.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Vi ønskjer å fortelje vår historie, mellom anna i håp om at andre kan plukke opp noko som gagnar dei. Samstundes er vi svært takksame for korleis kommunen la til rette for oss, slik at mor fekk det både verdig og fint i si siste tid, seier systrene.