Får tilskot til aktivisering av eldre

Herøy kommune har fått pengar som skal nyttast til å motverke einsemd mellom seniorar og eldre.

sentralbord: Sentralbordet på Herøy rådhus kan betenast av eigne tilsette utan ekstrakostnader, meiner kommunalsjefen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Statsforvaltaren melder at Herøy kommune får 100.000 kroner i støtte til tiltak som kan bidra til å gjere livet mindre einsamt for eldre i kommunen. Ifylgje søknaden skal pengane gå til å ta eldre med på busstur i lokalmiljøet, samt å etablere møtearena med ulike tema som til dømes internasjonal mat, reiseskildringar og lokalhistorie.