Stor direktesending på nasjonaldagen

I år som i fjor vil Tussa vere til stades med kamerateam på markeringar i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, og vise korps, paradar, helsingar frå ordførarar og mykje meir i ei direktesending leia av Thomas Ryste.

17.-mai-sending: Tussa dekkjer 17. mai på Søre Sunnmøre. F. v Ann Kristin Einbu, Thomas Ryste og Ivar Driveklepp ønskjer velkomen til sending.  Foto: Tussa

Nyhende

Tussa ønskjer å bidra til å skape ei god 17. mai-feiring og ein innhaldsrik dag ved å invitere til ei digital markering av nasjonaldagen, skriv Tussa i ei pressemelding.