Formannskapet ber om meir «kjøt på beina» om molokostnadar, og dessutan:

Vil utfordre fylket om ny ferjekai

Det var ikkje uventa moloplanane som fekk mest merksemd då reguleringsplanen for framtidas Larsnes var oppe til diskusjon i formannskapet. Men også behovet for ny ferjekai skapar vanskar.

Ori­en­te­ring: Sande for­mann­skap fekk tys­dag ei ori­en­te­ring frå Nor­con­sult, ved Per­nil­le Ler­våg, om ny de­talj­re­gu­le­rings­plan for Lars­nes. I til­legg del­te ho av Nor­con­sult sine er­fa­rin­gar mel­lom anna med etab­le­ring av molo, konk­re­ti­sert gjen­nom for­sla­get om å bygge ein molo ut til Kattaskjeret. 

Nyhende

– Fylkeskommunen øydelegg dette for oss. Hadde vi fått flytta ferjeleiet hadde vi løyst problemet, utan at vi hadde trengt å bruke ei krone. Vi hadde også hatt nok kai. Eg meiner vi skal gå ei runde med fylkeskommunen om ferjekaia.