8. mai-markering i Sande:

Gjorde heider på tidsvitne

Årets 8. mai-markering i Sande kommune vart utan dei store folkemassane, men pandemien sette likevel ingen stoppar for ei fin, verdig og minnerik markering i Oksavika.

8. mai: 8. mai-markering i Oksavika. F.v. Guttorm Oksavik (son til Kjartan), Bernt Brandal (ordførar Hareid), Kåre Oksavik, Rigmor Brøste (Statsforvaltar Møre og Romsdal), Elsa Nora Oksavik (syster til Kåre) og Olav Myklebust (ordførar Sande).  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Det var storfint besøk i Oksavika denne frigjeringsdagen. Både ordførar Olav Myklebust, Hareid-ordførar Bernt Brandal, Statsforvaltar i Møre og Romsdal Rigmor Brøste og områdesjef i heimevernet Søre Sunnmøre Hans Ole Låbakk var tilstades. Larsnes Sogelag stod for kaffi og kaker i koronavennlege former og Hornmusikklaget Varden stod for musikken.