Han er ny administrerande direktør i Havila Kystruten

Tidlegare driftsdirektør i Hurtigruten, Bent Martini, vert ny administrerande direktør i Havila Kystruten. Han startar i stillinga i august, opplyser Havila Kystruten.

Bent Martini er ny administrerande direktør i Havila Kystruten.   Foto: Havila Kystruten

Nyhende

Styreleiar i Havila Kystruten, Per Sævik, seier i ei pressemelding at han er glad for å ha fått på plass ein ny leiar med dei kvalifikasjonar og kompetanse som trengst for å ta selskapet vidare.