Uttale til lokalt anlegg:

– Usikkert korleis torskeoppdrett påverkar villtorsken

Fiskeridirektoratet protesterer ikkje, men stiller fleire spørsmål når det gjeld påverknaden torskeoppdrett har for villfisken.

Lammeneset: Det er sør for neset vi ser vi bakgrunnen at Sunnmøre Torsk AS vil etablere sjøbasert torskeoppdrett, på ein etablert akvakulturlokalitet der det tidlegare føregjekk lakseoppdrett.   Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

Saka gjeld Sunnmøre Torsk AS sin ferske søknad om etablering av torskeoppdrett sør for Lammeneset i Sande. I dette området er det regulert for akvakultur, og det vart for ein del år tilbake drive oppdrett av laks her.