Kommunestyret med vedtak:

Opprettar ny turnuslegestilling på Eggesbønes

Herøy kommunestyre vedtok torsdag å opprette ei mellombels stilling for turnuslege ved Herøy legesenter for perioden 01.09.21–28.02.22.

HERØY LEGESENTER: Frå september blir det oppretta ei ny turnuslegestilling i Ytre Herøy. 

Nyhende

Avgjersla er i tråd med utkastet til plan for legeteneste i Herøy som no er ute på høyring. Her vert det forslått at det skal opprettast ei LIS1-stilling ved Herøy legesenter frå 01.09.21. Stillinga er det ein tidlegare har omtala som turnuslege, eller lege i spesialisering. Ein LIS1-lege har avslutta medisinsk embetseksamen og har autorisasjon som lege. Teneste som LIS1-lege er 1,5 år, dei første 12 mnd i sjukehus og siste 6 mnd i kommunehelsetenesta. Det er obligatorisk å gjennomføre LIS1 for å kunne arbeide sjølvstendig som lege og for å kunne gå vidare inn i eit spesialiseringsløp.