Legg vekk Frøystadmyrane:

Vil ha større gravplass på Flusund

Gravplassmangelen på Bergsøy er prekær. Fleirtalet i Herøy kommunestyre vil legge vekk Frøystadmyrane som gravplassalternativ, og vil forhandle om meir grunn på Flusund.

Stolar på ekspertane: Linn Therese Sævik (Krf) meinte det ville vere lite hensiktsmessig å sjå meir på Frøystadmyrane ettersom det her mellom anna må ein dyr prosess med total masseutskifting til. – Det er like mykje myr der framover som no, minna ho om. 

Nyhende

Innleiingsvis då saka var oppe til handsaming torsdag vart to politikarar, Per Kristian Furø (Ap) og Gunn-Lise Voldsund (Sp), kjent inhabile. Fyrstnemnde er styreleiar for eit sameige som er grunneigar i gjeldande område på Flusund. Det var såleis lite tvil i habilitetsspørsmålet for Furø. Noko meir diskusjon blei det kring Voldsund som har ein onkel som er ein av grunneigarane i saka. Voldsund var ikkje direkte inhabil på grunn av slektskapet i seg sjølv. Kommunestyret kom likevel til at også ho var inhabil, mot tre røyster, heimla med habilitetsreglane paragraf 6 andre ledd. Dei slår fast at nærleiken til familiemedlemmer har noko å seie.