Moldskred Renovasjon har kjøpt eigedom:

Får base midt i kjerneområdet

Moldskred Renovasjon har kjøpt Ulmatec-eigedomen i Myrvåg. No har dei planane klare for vidare vekst.

Myrvåg: Driftssjef Lars Ivar Moldskred framfor Moldskred sin nye base i Myrvåg. – Kjøpet av Ulmatec-eigedomen gjer oss i stand til å vekse vidare og skape nye aktivitetar med base midt i kjerneomådet vårt, seier han.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Med kjøpet av Ulmatec-eigedomen har Tjørvåg-bedrifta skaffa seg 11-12 mål industriområde, og 2500-3000 kvadratmeter bygningsmasse, i regionen sitt geografiske midtpunkt. Ei perfekt plassering for ei bedrift som har Søre Sunnmøre som kjerneområde, og har aukande oppdragsmengd også utanfor regions- og fylkesgrensene.