Signerte avtale om kvelds og helgelegevakt i Hovdebygda:

– Eit korrekt vedtak

For Herøy er legevaktsaka no avgjort. Frå og med i sommar, 1. juli, må herøyværingar til Hovdebygda om ein må til legevakt på kveldstid, i helga eller på heilagdagar.

Leiv Aarflot: Ap-politikaren meinte det var feil å kritisere saksgangen i legevaktsaka og hadde tiltru til at det har vore gjort eit ærleg forsøk på samarbeid med Ulstein, Sande og Hareid. 

Nyhende

Då avtalesigneringa var oppe i kommunestyret torsdag, innleia ordførar Bjørn Prytz (AP) med å orienterte om dei siste utviklingane i saka. Han informerte om at sjølv om det har vore forsøkt nye samtalar om eit legevaktsamarbeid saman med Sande, Ulstein og Hareid, så har ikkje desse sonderingane ført noko veg.