Turtrimmen opna i helga:

Ordførar tok oppfordringa og stakk ut

Laurdag 1. mai opna Stikk UT! i Herøy. Turtrimkonkurransen har i år 15 ulike turmål lokalt, og ordførar Bjørn Prytz blei med arrangørane for å opne årets sesong.

Opningstur: Ordførar Bjørn Prytz blei med på opninga av årets Stikk UT!-konkurranse.  Foto: Havlandet

Nyhende

Frå 1. mai til 31. oktober er det mogleg å samle poeng og konkurrere mot seg sjølv gjennom turtrimkonkurransen Stikk UT!. Hilde Gråberg Bakke er "Stikk-kontakt". Ho håper konkurransen kan få folk ut i skog og mark.