Vil etablere utlånssentral for barn og unge

Kostnadsfritt lån av idretts- og friluftsutstyr kan bli eit tilbod for barn og unge i Herøy.

BUA: Utlånssentral vil truleg snart kunne førast på lista over innhald på Herøy kulturhus. 

Nyhende

Herøy frivilligsentral ønskjer å etablere ei BUA-ordning ved Herøy kulturhus, og kommunen tek no saka vidare. Etter vedtak i utval for næring, kultur og idrett har kommuneadministrasjonen fått i oppdrag å jobbe vidare med sikte på etablering av eit slikt tilbod for barn og unge i Herøy.