Vil ha meir avskyting i Ytre Herøy

Illustrasjon  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Utval for vilt, fiske og friluft oppmodar Ytre Herøy hjorteviltområde om å auke talet på felte dyr i 2021 slik at det blir meir i samsvar med avskytingsplanen. Hjortevaldet har no jakta fyrste året etter den nye treårsplanen og nådde ei avskyting på 85 prosent. I valdet blei det i fjor felt 39 dyr, medan den planlagde avskytinga var 46 dyr.