Storbilkonvoi frå Hareid til Herøy – sjå video:

- Greitt å få vise seg fram litt

Laurdag 1. mai blei det arrangert ein storbilkonvoi på Ytre Søre for lokale transport-, anlegg- og busselskap. Ruta gjekk frå Hareid til Ulsteinvik, gjennom sentrum, før dei vende nasa til Herøy og Fosnavåg sentrum og Mjølstadneset.
Nyhende

– Vi har sett det har vore arrangert liknande «Alt blir bra-konvoiar» andre stadar i landet. Då kunne vi ikkje vere verre på Sunnmøre. Det er greitt å få vise seg fram litt også.