Lensmannen uroa for at folk skal senke skuldrene for tidleg med tanke på smittevern:

– Hald ut litt til!

Lensmann Tor Sæther er uroa for pågåande koronasmitte i Ålesund og omland. Han ber derfor folk på Ytre Søre om å ha litt is i magen og følgje gjeldande smittevernreglar.

Tor Sæther: Lensmann Tor Sæther er noko meir uroa for russetida i år no som smitta er høgare enn nokon gong på Nordvestlandet. Han ber både vaksne og unge ha litt meir is i magen dei komande vekene så ein ikkje går på ein smittevernsmell. Han seier at han ikkje ønskjer situasjonar der politiet må handheve smittevernforskriftene. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik 

Med promille innabords ser vi at det ofte blir «så som så» med smittevernet.

Tor Sæther
Nyhende

– No er det vår i lufta og kveldane blir lysare. Vi forstår også at folk er leie av pandemien no, men vi er i den situasjonen at der er mykje smitte i Ålesund og regionen. Då kan vi ikkje slurve med smittevernet, seier lensmannen til Vestlandsnytt.