Ser seg om etter alternative deponilokasjonar for Fosnavåg hamn-massane:

Vil be om utsetting for prosjektoppstart

Herøy kommunestyre ser seg nøydd til å søkje om utsett oppstart av forskoteringsavtalen for utdjuping og miljøopprydding i Fosnavåg hamn. MOWI-mail gjer at dei vil sjå seg om etter alternativ.

Diskusjon: Politikarane måtte ta seg eit langt gruppemøte for å kome fram til eit framlegg som fleirtalet kunne gå med på. Her ser vi ordførar Bjørn Prytz, på smittevernvenleg vis, rådføre seg med partikollega Svein Gjelseth (Ap).   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I kjølvatnet av den samrøystes avgjersla i kommunestyret i mars, om å plassere dei forureina mudringsmassane frå Fosnavåg hamn i eit deponi i Paradisbukta, har det blitt kjent at MOWI i ein mail har sagt at dei ikkje ønskjer ei slik løysing. Deira lakseslakteri på Eggesbønes ligg rett ved lokasjonen som no blir regulert om til industriareal. Det har ikkje lukkast kommunen å kome i vidare dialog med konsernstyret etter denne sjokkbeskjeden.