Landstraum på verftet

28. april vart det skrive historie på Myklebust Verft.

Historisk: Sanco Spirit med straum frå land. Frå venstre: Kevin André Søvre Myklebust, prosjektleiar for Sanco Spirit, teknisk sjef Frode Holm, inspektør Jon Aklestad frå Sanco, Sigurd Nordal Eikrem frå leverandøren Hareid Group og bedriftselektrikar Stig Hareide. Foto: Myklebust Verft 

Nyhende

Då kom den første moderne løysinga for landstraum på plass. Anlegget frå Hareid Group leverer 60/50 Hz frekvens, spenning på 400/ 440/ 690 volt, og straumstyrke opp til 700 ampere.