Knut Arne Høyvik:

Diplomatisk krise

Når vi dreiv line– og garnfiske ved dei britiske øyane var vi mykje plaga av franske trålarar som tråla over vegna vår med vilje, og påførte oss store vegntap.

RETT PÅ: Tidlegare skipper og medeigar i «Fjellmøy» Nils Myklebust, går ikkje omvegar når det er noko han vil. Likevel var det ein kvass uttale frå han til Bergens Tidende, som førte til ei aldri så lita diplomatisk krise i Paris». Foto: Knut Arne Høyvik 

«Høyvik, du er egentlig en katastrofe for diplomatiet, men det med slipsnålen var lyspunktet»

Nyhende

Vi hadde ein gjensidig erstatningsavtale med Storbritannia, men ikkje med Frankrike, difor ga franskmennene blaffen. Ein vinterdag i 1985 låg vi på Tampen med seigarn, vi var fem norske garnbåtar i lag. Det var franske trålarar i området, men dei låg sør for oss, men vi heldt god utkikk om natta.