Annleis markering i år: Russen feirar med handsprit

Mai er like rundt hjørnet, og i Herøy har russen allereie starta på årets feiring.

Russepresident med handsprit: Nathalie Strømsnes er russepresident for Herøy-russen. Årets feiring blir annleis, men Strømsnes trur ho blir fin likevel. Foto: Geir Egil Eiksund 

Nyhende

Vårsola blenkjer i bakkane og liene byrjar så smått å grønke som hagar. Mai står for døra, og ved Herøy vidaregåande skule er russen klare for å ta til på vårens høgdepunkt. Men for andre året på rad gjer pandemien at også årets russefeiring blir annleis. Russepresident Nathalie Strømsnes trur likevel at det kan bli ei fin tid.