Jubel i fjøresteinane på Remøyvika: Fekk mink på fyrste forsøk

Det kunne høyrast vide då nitten forventingsfulle elevar blei klar over at dei hadde greidd å fange sin fyrste mink.

RAPPORTERING: Sigurd Nygard frå viltnemnda kontrollmåler den historiske fyrste minken som viste seg å vere 54 centimeter frå snute til haletipp. Alt skal rapporterast og sendast inn til Statens naturoppsyn. Til høgre lærar Bjørn Leikanger. Foto: Bjørnar Sævik. 

Nyhende

Spenninga var til å ta og føle på då elevflokken frå Herøy vidaregåande skule skulle ut for å sjekke om prosjektet dei har jobba mykje med dette skuleåret hadde gitt resultat.

Ei veke tidlegare hadde elevane vore ute i samla flokk og plassert dei aller fyrste minkfellene i fjøresteinane på Remøyvika. No skulle fellene røktast, og spenninga var heilt på topp.


Fugletala er ikkje i nærleiken av det dei var på Runde tidlegare, men …

Grunn til å vere forsiktig optimist

Dei fleste sjøfuglane har forlate Rundefjellet for i år. Det er på tide å konferere med ein av våre eminente, lokale fugleekspertar om korleis årets fuglesesong har vore.


Fyrste fella var tom, men så var der ein som ikkje hadde greidd å motstå åtet som elevane hadde egna fellene med. Dermed var det eitt eksemplar mindre av ein dyreart som er svartelista i den norske faunaen og som difor er jaga vilt.

ut igjen: Klar med ny felle som skal stå nokre dagar før neste røkting. Foto: Bjørnar Sævik.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Mink-prosjektet er ei fordjupningsoppgåve som elevane har jobba med over tid. Dei har vore med på heile prosessen, frå planlegging i form av teori til sjølve gjennomføringa. 

Ein viktig kamp

– Den lokale minkebestanden er på eit lågmål no, så no trur vi det kan vere mogleg å ta ut resten. Desse elevane er i alle fall i gang med eit prisverdig bidrag i kampen mot denne lystmordaren i naturen med spesielt stor appetitt på sjøfuglungar og egg.


Har fanga 17 mink på Runde

Dei elektroniske minkfellene som er plasserte på Runde syner seg å vere effektive.


Leiar av viltnemnda, Sigurd Nygard, er ikkje i tvil om at mykje av nedgangen i sjøfuglbestandar som tenne og ærfugl er minken sitt verk. Han har difor med glede vore med på prosjektet, som inspirator og rådgjevar til naturbrukelevane på Herøy vidaregåande.

– Litt rart å tenke på at eit dyr som er så søtt og lite kan vere så glupsk og farleg, seier naturbrukelev Maria Sævik med den aller fyrste elevfanga minken mellom hendene.


SPENNANDE: Er det mink her skal tru. Lærar Bjørn Leikanger klar til å opne enda ei felle. Foto: Bjørnar Sævik.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Stort engasjement

Lærarane ved dei to naturbruksklassene fortel om ein elevflokk som med stor lyst og iver har lagt ned mykje grunnleggande arbeid forut for at dei no er komne i gang med sjølve fangstinga.

– Engasjementet har vore utruleg stort, og desse elevane veit nok mykje meir enn folk flest om kvifor minken er ein uønskt dyreart i Norge, seier naturbruklærarane June Pettersen Frøystadvåg og Bjørn Leikanger som heller ikkje greier å skjule sitt eige engasjement i elevprosjektet.

Lærarane fortel at elevane har skaffa seg god innsikt i lover og reglar når det gjeld fangst av mink, og Bjørn Leikanger har jobba inn mot Statens naturoppsyn ved Olav Inge Edvardsen . Elevane har elles skaffa seg løyve frå grunneigarane i områda der dei har planlagt å drive fangst.

– Dessutan har prosjektet også skapt eit tverrfagleg engasjement i og med at byggfagelevane har hjelpt til med kapping av plank slik at naturbrukelevane fekk montert fellene av material som Polar Seafrozen har sponsa, kan lærarane fortelje.

Kvart dyr som blir felt skal rapporterast inn med storleik, vekt og kjønn, i tillegg til fangststad. Elevane er tydelege på at alt skal gå føre seg på rette måten. I tillegg til spenninga utløyser minkjakt også ein premie, og no ser elevane føre seg ein skikkeleg pizza-fest før skuleåret tek slutt.

LITT rart: Nesten litt rart at noko så søtt og lite kan vere så glupsk og farleg, syntest Maria Sævik – einaste jente mellom dei unge minkfangarane ved Herøy VG skule. Foto: Bjørnar Sævik.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Starta i lundeura

Sigurd Nygard fortel at elevprosjektet er ei vidareføring av eit prosjekt som han og Alv Ottar Folkestad sette i gang på Runde for eit par år sidan i samarbeid med Statens naturoppsyn. Det skjedde etter at Ingar Støyle Bringsvor hadde funne fleire ihelbitne fuglar i lundeura.

– På fellene vi plasserte der ute fanga vi i fjor over tjue minkar, fortel Nygard.

Lærarane fortel at planen er å sette ut samtlege tjue feller som skulen disponerer etter kvart som dei får henta inn løyve frå grunneigarane. Det kan òg bli aktuelt å auke talet på feller og drive jakt over heile kommunen.

– Vi kom litt seint i gang, men no skal vi drive på og meininga er at fangst av mink skal vere eit fast innslag på natubruklinja ved vår skule, seier June Pettersen Frøystadvåg og Bjørn Leikanger.

Skikkeleg i gang

Det blei berre med denne eine minken på Remøyvika, men dei tre fellene blei lada igjen og sette ut på litt andre plassar i området. I tillegg fekk dei ut to feller på innsida av Remøy, og ei på Voldsund, så no er minkjegerane frå Herøy vidaregåande skule skikkeleg i gang.