Fylkesvegsjefen om langtidsprogrammet: Prioriterer Leinevegen

Leine-Remøyholm er eitt av utbetringsprosjekta fylkeskommunen vil prioritere i det komande langtidsprogrammet.

PRIORITERT: Fylkeskommunen sitt strakstiltak til ein million kroner på ytre Leine er snart ferdig, og full utbetring av den trafikkfarlege vegen er inne på fylkesvegsjefen sine meir langsiktige prioriteringar. 

Nyhende

Utbetring av strekninga Leine-Remøyholm er eitt av femten utbetringsprosjekt som fylkesadministrasjonen ønskjer skal vere med i 10-årsprogrammet for fylkesveginvesteringar frå 2022 og utover. Prosjektet er oppført på 13. plass med ei løyving på 45 millionar kroner.