Frank Sve (Frp) reagerer på utviklinga i Nerlandsøybru-saka:

– Dramatisk framlegg frå Høgre

Frank Sve (Frp) støtter Bjarne Kvalsvik og fylkesadministrasjonen sine vurderingar i at ein ikkje bør lyse ut totalentreprise for Nerlandsøybrua no.

Frank Sve: Samferdselspolitikaren er ikkje begeistra for Høgre sitt forslag. Arkivfoto 

Nyhende

– Marianne Nærø i vegvesenet og fylket er klokkeklare på at om Nerlandsøybrua lysast ut som totalentreprise, så vil det drage prosjektet 1 til 1,5 år ut i tid. Eg stoler meir på fagfolket enn Høgre, seier Frank Sve (Frp) om Anders Riise sine nylege utspel om Nerlandsøybrua.