Søkjer SMIL-midlar til prosjekt på Nerlandsøy

Illustrasjon:   Foto: LUM3N frå Pixabay

Nyhende

Nerlandsøy beitelag har planar om å rydde eit utmarksområde ved Storevarden på Nerlandsøy med tanke på beiting for småfe. Her er utmarksgrensa prega av attgroing, og garden som avgrensar området er nedfallen eller i dårleg stand. Til å erstatte gammal gard, og rydde lyng, eine og kratt, søkjer beitelaget om 55.000 kroner i tilskot frå SMIL-midlane.