Ny turnuslege-stilling som hastesak i Herøy kommunestyre

Illustrasjon:  Foto: Bruno/Germany frå Pixabay

Nyhende

I ei ekstrasak til møtet denne veka blir Herøy kommunestyre tilrådd å opprette ei mellombels stilling som turnuslege (LIS1) ved Herøy legesenter.Som kommunedirektøren peikar på skal nye stillingar normalt opprettast i budsjett- samanheng. No blir det gjort til ei hastesak med tanke på signal frå Statsforvaltaren om at ein turnuslege kan vere på plass ved Herøy legesenter allereie frå 1. september om stillinga blir oppretta no. Kommunedirektøren tilrår difor å opprette ei mellombels stilling fram til utgangen av februar 2022. Det er viktig for det vidare rekrutteringsarbeidet at ei slik mellombels stilling vert oppretta frå 1. september, skriv kommunedirektøren og meiner det vil vere særs positivt med ei LIS1-stilling ved Herøy legesenter slik som i Myrvåg.