Algeprodusenten i Sande samarbeider med Runde Miljøsenter

Arctic Diatom AS i Brevika i Sande samarbeider mellom anna med Runde Miljøsenter om eit demoanlegg for produksjon av mikroalgar.

Arctic Diatom: Frå fjorårets synfaring der gründer Morten Laake (midten) hadde besøk av dåverande kommunedirektør Trond Arne Aglen (t.v.) og ordførar Olav Myklebust. Foto: Jann Flatval 

Nyhende

Selskapet, som er lokalisert i dei tidlegare Breivik Kalkverk-lokala, har velkjende Roger Halsebakk sitt investeringsselskap med seg på eigarsida.