Maritim Kompetanse satsar i Fosnavåg: - Vi ser eit potensial her

Karl Erik Sande ynskjer å gjere herøyværingane og sandssokningane tryggare på havet. Før nok ein heimesommar der båtliv fort kan stå i fokus, satsar han på båtførarkursing i Fosnavåg.

Kurs i Fosnavåg: Karl Erik Sande er dagleg leiar i Maritim Kompetanse. No satsar bedrifta på kurs i Fosnavåg.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

I november 2020 oppretta Maritim Kompetanse kontor i Fosnavåg. Selskapet driv mellom anna med kursing i båtførarprøva, og no som båtsesongen står for døra trur dagleg leiar Karl Erik Sande at moglegheitene på ytre søre er store.